Utstyr og kle (heretter kalt utstyr) ein får utdelt som utøvar når ein blir teken ut til å representere Noreg, er Norges Biljardforbund (heretter kalt NB) sin eigedom. Dette betyr at det er nokre reglar ein må følgje.

  • Utstyret kan behaldast til ein får beskjed om å returnere dette. Ved retur skal det vaskast og leggast fint saman.
  • Det er til ei kvar tid årets gjeldande utstyr som skal nyttast ved representasjon. Det kan ikkje nyttast når ein representerer klubb eller i private samanhengar.
  • Tidligare års utstyr kan kun nyttast i private samanhengar.
  • Dersom ein utøvar ynskjer å bruke andre sponsormerker enn dei offisielle sponsorane/samarbeidspartnarane til NB, skal det leverast ein skriftlig søknad om dette til Sportssjefen, seinast tre veker (21 dagar) før.
  • Andre sponsormerker kan ikkje kome i konflikt med dei offisielle sponsorane/samarbeidspartnarane til NB, og ein må derfor søkje for kvar gang ein ynskjer å nytte andre merker.
  • Andre sponsormerker kan ikkje være større enn 10 cm lange og 5 cm høge, og ein kan ikkje ha fleire enn to merker. (Same krav som hos EPBF).
  • Merkene skal plasserast i henhold til tilviste plassar på drakta. Dette kan variere frå gang til gang.
  • Ved deltaking i EM skal utøvaren bruke utstyret som er tildelt, med eventuelle andre sponsormerker.
  • Ved deltaking i andre meisterskap og eller turneringar der utøvaren er sponsa av NB (Spotssjef eller utvalg), er det til ei kvar tid gjeldande dresskode som gjeld. Utøvaren skal i alle tilfelle benytte seg av dei offisielle sponsorane/samarbeidspartnarane til NB sine merker.
  • Unntak frå bruk av dei offisielle sponsorane/samarbeidspartnarane til NB sine merker er dersom meisterskapet og eller turneringa som utøvaren deltek i, krev andre merker.

Reglane over gjeld også dersom ein utøvar får stipend/sponsing ved andre representasjonar, f.eks. stønad til reise til EuroTour.