Den andre Euro Touren for sesongen blei arrangert i Treviso, Italia 14.-17. april 2011 og samla i alt åtte utøvarar frå Noreg. Av dei åtte var det Matey Ullah, Groruddalen BK som gjorde det best, med ein 17. plass. Han tok seg til sluttspelet, siste 32 frå vinnarsida.

I den innleiande runden møtte han Diego Simon Parra (SPA) og låg under 3-5 før han blei varm i trøya og slo spanjolen 9-7. Deretter venta britiske Scott Higgins. Dei to fulgte kvarandre heile vegen men det var Matey som hadde leiinga heile vegen. Matey vann også denne kampen 9-7, og var klar for 2. runde på vinnarsida. Der møtte han Michal Turkowski (POL). Polakken hadde 33. plass som beste plassering frå 2007 i Euro Tour. Dei siste året har han hatt 65. plass som beste plasseing, og det var også denne plassen han fekk i denne turneringa. Matey vinn 9-2.

Polakk nr. 2 i turneringa venta i Winners Qualification, Dominik Zajac. Han hadde 9. plass som beste plassering. Den kom i 2007. Det siste året har han ikkje vore bedre enn nr. 49. Zajac leia på det meste 5-1 over Matey som avanserte til 8-8 og vann til slutt 9-8.

I den første runde i sluttspelet med dei siste 32 utøvarane blei Konstantin Stepanov (RUS) (t.h) trekt inn frå taparsida og var motstandaren til Matey. Den tidlegare europameisteren låg under 1-4 på det meste, men avanserte til 4-4 og drog berre meir i frå. Matey måtte sjå seg slegen ut av turneringa med stillinga 5-9.

Andre norske resultat

17. Matey Ullah, Groruddalen
33. Joakim Haugen, Oslo
49. Mats Schjetne, Trondheim
65. Tron-Vidar Engebakk, Groruddalen
65. Kristoffer Mindrebøe, Oslo
65. Tom Bjerke, Gjøvik/Raufoss
129. Askild Hansen, Groruddalen
129. Robert Grønli, Trondheim