Foto: Knut Heimsjø

Motstandar i kvartfinalen i 9-ball er belgiske Kamila Khodjaeva (bildet til venstre).

Sjølv om ho ikkje er eldre enn 15 år har ho allereie blitt Europameister. Det skjedde i 2008 under EM i Willingen i jenteklassen. I tillegg til gull, har ho ei sølvmedalje og to bronsemedaljar.

Jenta frå Belgia tok seg direkte til sluttspelet (8-delsfinalen) frå vinnarsida og slo blant andre Martine Christiansen, Svithun BK, 7-1 og Ina Jentschura, Tyskland, 7-1. I 8-delsfinalen møtte ho svenske Caroline Ross, som ho slo 7-5.

Kamila deltok også i EM Senior i 2010. Der spelte ho blant anna mot Ine Helvik, Svithun BK, og slo ho 6-2 i 8-ball. I 9-ball møtte ho Jasmin Ouschan, Austerrike, i 9-ball. Den kampen tapte Kamila 4-7.

Litt artig i statistikken på EPBF si heimeside, kan ein lese at i 2009 møtte ho Mats Schjetne, Trondheim BK, i 8-ball i runden Losers Qualification. Ho fulgte Mats fram til 3-3 og gjekk opp til 4-3 leiing. Mats avanserte og drog i land sigeren, 7-4. Kanskje han var litt betatt av Kamila?