Line Kjørsvik, Stoppball Nidaros BK er ei av få som kan tukte Jasmin Ouschan (AUT) på biljardbordet. Laurdag kveld hadde ho moglegheita i finalen i 14.1, EM's første disiplin.

14.1 turneringa starta torsdag 24. mars og Line hadde polske Oliwia Czuprynska som motstandar i den innleiande runden. Line vant 75-38. I neste runde, 1. runde på vinnarsida, venta Tessa Bemmel-van frå Nederland. Ho har ei bronsemedalje frå EM Jenter i 2000 som beste plassering internasjonalt (i flg. http://www.epconline.eu/). Line byrja med -2 men tok seg inn igjen og vann 75-54. Høgaste serie var 31.

Til sluttspelet
Neste runde i turneringa var winners qualification. Der venta Sara Rocha (POR). Vann ho denne var Line klar for enkeltcupen med dei siste 16. Line låg under det meste av kampen men på stillinga 55-58 la ho inn det siste lille, spelte seg ut med ein 20 serie og vann kampen 75- 58. 

Taparane frå losers qualification skulle trekkast inn og russiske Nataliya Seroshtan blei motstandaren til Line. Den vesle jenta frå Russland fyller 15 år i august men har like vel vore på pallen i EM samanheng. Ho har ei bronse frå 2009 og ei sølvmedalje frå 2010. Begge medaljene er frå EM Jenter. Line tar kommandoen og Seroshtan svarar med 11 og 12 seriar. Line vinn kampen 75-48.

Line kan no bli dårlegast nummer fem og har Gerda Hofstetter (AUT) som motstandar i kvartfinalen. Hofstetter opnar og legg igjen ein lys ball til Line. LIne takkar for det med å lage ein 29 serie. Austerrikaren klarer ikkje heilt å svare på tiltale og Line smeller ein 10 + ein 24 serie rett tilbake. Stillinga er no 63-11 men er det nokon som kan ligge under for så å spele seg ut, ja så er det Hofstetter. Sjølv om ho er gravid og ventar baby om ca to månader! Og svare, ja det gjer ho. Først med ein beskjeden 10 serie, dertter ein 13 serie og til slutt ein 23 serie. Stillinga var no plutseleg redusert til 65-57. Sportssjefen, landslagstrenaren og resten av den norske troppen hadde fått litt høgare puls. Det blir heldig vis ikkje noko meir fres frå Hofstetter og Line vinn 75-62.

I semifinalen venta ein overraskelse. Spanske Silvia Lopez hadde teke seg vidare frå losers qualification og slått blant andre Marika Poikkijoki (FIN), 75-46, i 8-delsfinalen. Poikkijoki kunne fortelle at ein blir lett dratt med ned i den dårlege spelinga og ein mistar fort konsentrasjonen. Spanjolen kunne putte kuler, men klarde aldri å løyse problem eller å sple seg fram til ein brekkball. Det var kanskje dette som hadde berga ho så langt og som hadde teke ho til semifinalen. Line er egentlig aldri skikkelig trua av spanjolen som fortsatte spelet sitt; putte kuler, legge safe og av og til gå for å prøve å løyse problem. Line vinn kampen 75-43 og er klar for nok ein finale mot Jasmin Ouschan frå Austerrike.

Eg har ikkje tal på kor mange gangar desse to har møttast i ein finale, men ein ting er i alle fall sikkert at i år så skulle det være LIne sin tur til å gå av med sigeren. Og sjangsar fekk ho. Det er lenge sidan eg har sett Ouschan spele så dårleg men kva hjelp det når Line ikkje får det til 100% og Ouschan har ikkje berre litt flaks, men ein god dose flaks og ein endå større posjon gli. Dei to fulgte kvarandre fram til stillinga var 32-39 og deretter drog Ouschan i frå. Ouschan vann finalen 75-31 etter at LIne ikkje fekk ein ball i vant etter eit safe støt, og dermed fekk eitt minuspoeng.