Kristian fekk si første kø i fjor sommar men var fast bestemt på å oppgradere til både brekkø og ny Fury spelekø. For å få utstyret på plass til sesongsstart, måtte han blant anna måke snø.

Interessa for biljard kom i mai 2010 når Kvitsøy Cupen blei arrangert. Der såg han mange av kampane og fulgte spent med. I tillegg har han fulgt med på internett hos bestemora og sjekka resultat når onkel Roy Steffensen har spelt NM og turneringar i USA. Det er nemleg onkelen som er det store forbildet til Kristian. Kristian har derfor også fått sett og opplevd dei beste utøvarane i Europa både på Norwegian 9-ball Challenge og 8-ball Battle of Scandinavia.

 

Kristian har fått prøve seg på andre utøvarar utanfor klubben, blant anna Jason Hansen. ”Jason var god og spilte kjemperaskt!”, seier Kristian og huskar at det også var kult å få spele mot han sidan han hadde delteke i Kvitsøy Cupen.

 

11-åringen ser fram til å fylle 13 år for då kan han delta i NM, og han har som mål å bli kjempegod. Han er godt i gang med trening på den grunnleggande teknikken og enkle øvelsar, inkludert brekk-trening. Dette har gjeve resultat og kombinert med at han tek til seg informasjon raskt samstundes som han held på interessa, kan han bli god seier Roy.

 

Kristian og storebroren Arve Litangen (13) håpar på å få tak i eit lite bord, slik at dei kan trene meir. Begge er interessert i å lære, og storkosar seg på biljarden.

 

Foto: Privat