Turneringa blei arrangert i dei nye lokala til Steinkjer Biljardklubb 05.-06. februar og samla i underkant 30 deltakarar, deriblant Vegar Kristiansen, Roger Lysholm og Mats Schjetne. Kristoffer såg på Vegar som den sterkaste konkurrenten men uttaler samstudes Det er det samma hvem jeg møter, må slå de uansett. Så hadde ingen jeg fryktet mest å møte.”

 

Kristoffer tok seg til finalen frå vinnarsida og slo blant andre tidligare Noregsmeister Vegar Kristiansen 9-4 i semifinalen. Vegar hadde tre utspel på rad før Kristoffer tok det fjerde partiet fordi Vegar gjorde ein feil. Deretter spelte Vegar seg ut på det femte partiet og Kristoffer låg under 1-4. Frå det partiet fekk ikkje Vegar slå så mykje, og det blei einvegskøyring til 9-4.

 

 

I finalen venta Roger Lysholm (over). Også han har fleire Noregsmeistertitlar som Vegar. Kampen vart til ein thriller av ein finale. Kristoffer leia 3-2 og kunne ha gått opp til 4-2, men bomma ein vanskelig ball. Roger tok partiet og deretter fire til, og leia 7-3. Deretter var det Kristoffer sin tur. Han begynte med eit hoppstøt han var veldig heldig med og tok dei neste fire partia. Stillinga var 7-7. På 8-8 hadde Roger muligheten til å spele seg ut, men får klaps og deretter forløp. Uheldig seier Kristoffer, som spelte seg ut og vann 9-8.

 

Klar for EM
Kristoffer er ein av fem herrespelarar som reiser til EM i Brandenburg, Tyskland. Som ein del av oppladninga til EM valgte han å reise til Steinkjer for å få kamptrening. Og komande helg er det Euro Tour i Paris, Frankrike. På Euro Touren har han 17. plass som beste plassering. Den kom i Vantaa, Finland i fjor haust. Målet til Kristoffer denne gang er å bli nummer fem eller betre.

 

Kristoffer ser fram til turen og turneringane under EM og har som mål å ta medalje. Førsteårssenioren representerer Oslo Biljardklubb og får følge av blant andre Steffen Wolff frå Hyllestad som også er førsteårssenior. Begge to har tidligare vore på seniorlandslaget, då som juniorar som forberedelse til EM Ungdom. Den gang tok dei tilsaman sju medaljar i EM Ungdom, med sølv som beste valør.