Norges Biljardforbund har nominert tre av fire utøvarar til Landskampen mellom biljard, bowling og curling, men manglar den siste.

Vil du delta som den 4. utøvaren på landslaget må du sende inn ein epost med navnet ditt til biljard(a)biljardforbundet.no. Merk eposten med Landskamp.

Alle som har sendt inn epost innan fredag 04. februar kl. 12.00, er med i trekninga om den siste plassen.

Kristoffer Mindrebøe, Oslo BK (på bildet) er ein av dei som er klare for Landskampen som blir arrangert i Oslo 5.-6. mars 2011.

 

Nominerte utøvarar:

  • Kristoffer Mindrebøe, Oslo BK
  • Martine Christiansen, Svithun BK
  • Mikael Øgaard, Oslo BK