Line blei seeda i den innleiande runden og skulle møte vinnaren av Amy Chen og Connie O'Heron. Chen vann 9-4 og var klar for 1. runde på vinnarsida. Line vann 9-2, deriblant med tre utspel og i neste runde venta Karen Corr.

Corr trakk det lengste strået i hill-hill kampen mot Line og eit surt tap 8-9. Line må over på taparsida og spele seg fram til finalen derifrå.

Emily Duddy var neste motstandar for Line. Ho blei slått over på taparsida allerede i den innleiande runden av Janet Atwell (5-9) og hadde kjempa seg vidare ved å slå Dawn Hopkins 9-6 og Veronique Menard 9-5. Men i kampen mot Line gjekk det ikkje like greit og det blei tap 5-9.

Line spelar sin neste kamp mot Kim White, kl. 20 i kveld norsk tid. White blei slått over på taparsdida av nederlandske Tamara Rademakers, 6-9.

Når The Rockstar har køyrt over Wite møter ho taparen av Monica Webb og Jasmin Ouschan.

Tidsskjema