Dei innleiande rundane er ferdigspelte og i alt 16 utøvarar er igjen til søndagens sluttspel som tek til kl. 10.00.


Steffen Wolff (t.v) og Rune Bratbergsengen er begge klare for sluttspelet. Bildet er tatt frå kampen på vinnarsida der Steffen vann 9-5. Rune måtte dermed ta ein ekstra runde før han var vidare.
Foto: Norges Biljardforbund.

Desse tok seg vidare frå vinnarsida
- Vegar Kristiansen, Stoppball Nidaros BK
- Jan Gustav Imingen, Arctic BK
- Joakim Haugen, Oslo BK
- Mats B. Schjetne, Trondheim BK
- Kristoffer Mindrebøe, Moss BK
- Matey Ullah, Oslo BK
- Mikael Øgaard, Oslo BK
- Steffen Wolff, Hyllestad BK

Desse tok seg vidare frå taparsida
- Jan Morten Arnesen, Moss BK
- Tommy Wolff, Hyllestad BK
- Navid Eslah, Oslo BK
- Rune Bratbergsengen, Oslo BK
- Henrik Hagen, BEX BK
- Jan Erik Gundersen, Oslo BK
- Christian Johannessen, Christiania BK
- Emil Braserud, Kongsvinger BK

Utøvarane frå taparsida blir trekt inn mot dei åtte som kom seg til sluttspelet frå vinnarsida. Trekninga skjer kl. 09.45.

Resultat frå turneringa kan du lese her.