Årets turnering samlar i alt 45 utøvarar frå heile Noreg. 44 av dei vil prøve å ta frå Mats B. Schjetne tittelen som Frisk Master.

Dei fleste som har vore inne og stemt på kven dei trur vinn turneringa, har stemt på Vegar Kristiansen, Stoppball Nidaros BK.

Vegar er rangert som nummer ein i Noreg, føre Malvin Bjelland, Tre Måker BK, Steffen Wolff, Hyllestad BK, Kristoffer Mindrebøe, Moss BK og tittelforsvarar Mats. Desse fem utgjorde også landslagstroppen som representerte Noreg under EM i år.


Kristoffer Mindrebøe, Moss BK. Foto: Norges Biljardforbund.

Steffen og Kristoffer er sisteårs juniorar og var dei som sikra at Noreg tok åtte medaljer under EM for juniorar i haust. Kristoffer var også nyleg i Reno, USA og deltok i VM for juniorar. Der fekk han ein 17. plass.

Frisk Masters blir arrangert på Biljardfabrikken i Oslo 11.-12. desember. Her kan du følge turneringa.

Turneringa samla 37 utøvarar i 2010. Her kan du lese resultatlista og forum.