Kampresultat og resultatliste finn du her.

Alle foto: Knut Heimsjø.

I alt to kvinner og 23 menn var påmeldt til turneringa i Benidorm, og det var Vegar Kristiansen (bildet til høgre) som gjekk lengst av alle. Han fekk ein 9. plass.

I 8-delsfinalen møtte han Francisco Diaz-Pizarro. Han var den siste spanjolen som var igjen i turneringa. Vegar leia 5-2, men Diaz-Pizarro hadde tenkt det annsleis. Han tok dei neste seks partia og vann 8-5 over Vegar. I kampen etter vann spanjolen 8-5 over Konstantin Stepanov (RUS).

Feijen slått av to nordmenn

Turneringa starta bra for Vegar som vann 8-1 over Paul Hulden (FIN) i den første kampen. Deretter venta Jose Castillo (ESP). Vegar vann 8-5 og var eitt steg nærmare sluttspelet. Saman med Joakim Haugen og Matey Ullah, begge Oslo BK var han klar for 2. runde på vinnarsida. Der venta tyske Thomas Engert. Dei to konkurrentane fulgte kvarandre men det var Engert som tok det siste partiet og vann 8-7.

Vegar var no nødt til å ta seg til sluttspelet (siste 32) frå taparsida og han måtte vinne tre kampar. I den første kampen møtte han ein ny tyskar, Harald Stolka. Vegar vann 8-6 og i neste kamp venta Niels Feijen som måtte over på taparsida allerede etter ein kamp, takka være Matey Ullah. Ullah vann 8-4. Vegar og Feijen møttast sist under EM i Zagreb. Der enda kampen 4-9 Feijen, i 9-ball. Hadde Feijen det psykiske overtaket eller var han satt ut av å blitt slått over på taparsida av Matey?

Dei to fulgte kvarandre fram til 4-4 men deretter sa Vegar takk og farvell. Vegar vann 8-5 og var klar for Losers Qualification, mot ein nordmann!

Joakim (bildet til venstre) hadde teke seg til Losers Qualification med ein kamp mindre og hadde kanskje ikkje tenkt å bli slått ut av ein anna nordmann. Men turnering er turnering og dei eldste er fortsatt best. Vegar tok leiinga og holdt den til stillinga var 8-4. Vegar var vidare til sluttspelet (siste 32).

Der venta afganske Azizullah Hamrah. Vegar var i siget og lot leiing bli til siger, 8-5.

I 8-delsfinalen venta spanjolane sitt siste lodd i turneringa, Francisco Diaz-Pizarro. Vegar leia 5-2, men spanjolen snudde dette til 5-8 og slo Vegar ut av turneringa på ein 9. plass.

Vegar reiste på stønad frå Poolutvalget etter å ha vunne kr 10.000 for to 1. plassar i NM tidligare i år.

Steffen Wolff, Hyllestad BK blei beste norske junior med ein 29. plass. Beste norske gut blei Audun R. Heimsjø, Trondheim BK med ein 65. plass (bilde til høgre).