Klubbar som vil delta, ha:

  • Internett (høgkapasitets breiband)
  • Webkamera (høgaste oppløysing, montert etter anvisning frå NB)
  • Skype

Klubbar som skal være med, bør ha:

  • Storskjerm, projektor eller anna visningsmoglegheit
  • Spelarar som høyrer til og har det nivået på divisjonen som laget spelar i

Dette kan være greit å vite før ein melder seg på:

  • Serien vil bli gjennomført med både heime- og bortekampar (14 kampar i grunnspelet i tillegg til Play-Off eller kvalifisering)
  • "Bortekampar" blir spelt i eigne lokale
  • Laga som deltok i 2010 og som fortsatt ønsker å være med,  vil automatisk være i Eliten
  • Lag som melder sin interesse blir plassert i Divisjon 1 Nord eller Sør
  • Eitt til to lag som melder sin interesse om å være med, kjem til å bli tilbydt plass i Eliten for 2011
  • Eliteserien, Divisjon 1 Nord og Divisjon 1 Sør består kvar av åtte lag
  • Laga skal bestå av fire spelarar og reserver
  • Spelet vil være Equal Offense

Ved utvelgelsen av deltakarklubbar blir det vektlagt geografisk spreiing. NB har som målsetting at så mange klubbar som mulig skal få muligheten til å bli med. I denne samanheng kjem ein klubb som melder på 1. laget sitt, til å bli prioritert før ein klubb som melder på 2. laget sitt.

Påmelding til jorgen(a)biljardforbundet snarast, men innan søndag 21. november.

På bildet over er to av deltakarane frå 2010, brørne Steffen (t.v.) og Tommy Wolff frå Hyllestad Biljardklubb. Tommy var den som pr. 10. november hadde høgaste serie på 85.