Revansje frå 2008
17-åringen og sisteårsjunioren frå Moss deltek på Ardennen Cup for andre året på rad og vann finalen i juniorklassen mot Ivo Aarts frå Nederland, 4-1.

Sigeren smakte nok ekstra godt sidan det vart revansje frå EM i 2008. Då tapte nemleg Kristoffer knepent, 73-75 i 14.1.

9. plass i 2009
Sjølv om det ikkje gjekk bra for Kristoffer i juniorklassen i fjor, viste han musklar i open klasse. Der fekk han ein flott 9. plass. I tillegg var han med på laget til Noreg som tok 2. plass i lagkonkurransen.

I alt deltok det 14 utøvarar i juniorklassen, deriblant Ivo Aarts (NED) og Alain da Costa (FRA) som Kristoffer slo i semifinalen, 4-2.

Resultat Ardennen Cup 2010

HERRAR, OPEN KLASSE (320 deltakarar)
9. plass Mats "Hamburgar''n Schjetne
33. plass Kristoffer "Stoffe" Mindrebøe
121. plass Olav "Skrutten" Skrudland

LAG, OPEN KLASSE (118 lag)
5. plass Team Norway (Mats "Hamburgar''n" Schjetne, Kristoffer "Stoffe" Mindrebøe og Olav "Skrutten" Skrudland)

JUNIOR (14 deltakarar)
1. plass Kristoffer "Stoffe" Mindrebøe
5. plass Olav "Skrutten" Skrudland