Ardennen Cup 2010 | Forum

Førsteårssenioren frå Trondheim Biljardklubb tok i 2009 tre topp fem plasseringar; 3. plass (herre), 5. plass (junior) og 2. plass (lag).

I tillegg til Schjetne (bildet til venstre), reiser også Kristoffer Mindreøbe, Moss Biljardklubb og Olav Skrudland, Svithun Biljardklubb.

Som for Schjetne, er dette andre året Mindrebøe reiser og det med ambisjonar om å gjere det bedre enn i fjor. I 2009 blei det ein 9. plass i herreklassen og han var med på laget som tok ein 2. plass, saman med nettopp Schjetne. Tredjemann på laget var Steffen Wolff, Hyllestad Biljardklubb. Wolff var som dei to andre junior. Han er diverre ikkje med i år.

Dette er første turen til Ardennen Cup for Skrudland.