NM Åpent Resultater | NM Damer Resultater | Chat

Bergen Biljardklubb inviterer til NM 9-ball 26.-28. februar. Det blir arrangert NM både for menn og kvinner samtidig og turneringa blir arrangert på Kong Oscar sportsbar. Kong Oscarsgt.45. Tlf: 55 32 68 01.

NM for damer startar fredag 26. februar kl. 18.00. Ved stor påmelding til åpen klasse, startar også denne fredag kveld.

Oppmøte, åpen klasse:
Laurdag kl. 09.00, spelestart kl. 10.00.
Søndag kl. 09.00, spelestart kl. 09.30.

Turneringsform:
Dobbelcup dist.7./ Enkelcup dist. 9.
Enkeltcupen startar søndag.

Påmelding:
Her kan du melde deg på til turneringa. Frist for påmelding er sett til onsdag 24. februar kl. 18.00.

Dresskode:
Her finn du korrekt dresskode.

Startavgift:
Her finn du startavgifter for dei ulike klassane.

Turneringsleiing:
Vidar Blidensol, tlf: 920 49 622.
Ole Eidsheim
Øyvind Schjetne

Overnatting:
Raddison SAS Hotel Norge
Ligg midt i byen, 944 meter frå arena.
Enkeltrom: 895,-
Dobbeltrom: 1095,-
Trippel: 1295,-
Pr.natt. Inkludert frokost.
Tlf: 55 57 30 00.
Ref. Biljard NM

Jacobs Apartments & Dorm (.no)
Apartment 1 pers. 560,- 2 pers. 760,- 4 pers. 1280,-
Prisar inkl. sengetøy, handkle, kabel-TV og trådlaust nettverk.
Alle rom har eige bad og enkel kjøkkenløysing.
Jacobs har også godt kjøkken og bar.
Avstand til arena: 62 meter!
Tlf: 55 54 416 0.
www.apartments.no
Adr: Kong Oscarsgate 44.

Norges Biljardforbund har avtale med Thon Hotels.

Laurdag kl. 20.00 arrangerer Bergen Biljardklubb bankett med "dobbelcup-meny" til hyggelege prisar på Steakers, Dampen. Restauranten ligg på Bryggen. For dei som ikkje har fått nok av biljard vil klubben arrangere ei morro-turnering (enkeltcup). Denne startar kl. 22.00 (laurdag).

Velommen til årets store turnering!

Mvh,
Bergen Biljardklubb
Ole Eidsheim