Noregs lag | Offisiell heimeside | Forum | Reisebrev
Livescore | WPA/resultat | Bilete

Laget som representerer Noreg er:

WTC_2010_Norway.JPG
Frå venstre: Malvin Bjelland (Tre Måker Biljardklubb), Tommy Wolff (Hyllestad Biljardklubb), Landslagstrenar Jörgen Sandman, Vegar Kristiansen (Stoppball Nidaros Biljardklubb) og Mats Schjetne (Trondheim Biljardklubb).

Alle bilete er brukt med tillatelse frå Touch Magazine og må ikkje nyttast av andre.


Turneringsform:
- double elimination
- last 16 Single elimination
- two scotch double matches 8-ball race to 6
- two single matches 9-ball race to 8

Innleinade rundar

30. januar kl. 18
Noreg møter Iran i første kamp. Frå Hannover blir det meldt at Malvin endå ikkje har fått bagasjen sin (per kl. 18.15), men dei håpar på at den kjem i løpet av ein time.

8-ball double:
1. kamp: Vegar og Tommy vs Iran, 1-6
2. kamp: Malvin og Mats vs Iran, 6-4

9-ball: Startar kl 19.30
Vegar vs Farhard Shaverdi, 8-2
Mats vs Ahmad Mir Aghaee, 8-3

10-ball: Startar kl. 21.00
Malvin vs Takhti Zarekani, 2-2
Tommy vs Hossnieh Farhang, 7-2

Noreg vann 4-1 over Iran og møter Storbritannia i neste runde.

WTC Tommy Wolff 1.JPG
Tommy Wolff (Hyllestad Biljardklubb) vart også råka av bagasjeforsinkelsen. Landslagstrøya hans befann seg nemlig i bagasjen til landslagstrenaren. Dermed måtte han spele dei første kampane utan.

31. januar kl. 18.00, vinnarside
Malvin har fått bagasjen sin og vi gjer oss klare til ny kamp. I dag er den første kampen på vinnarsida og der ventar Storbritannia.

8-ball double:
1. kamp: Mats og Tommy vs Peach og Grey, 5-6
2. kamp: Vegar og Malvin vs Appleton og Boyes, 1-6

9-ball: startar kl. 19.30
Mats vs Imran Majid, 2-8
Vegar vs Daryl Peach, 8-6

10-ball: startar kl. 21.00
Malvin vs Darren Appleton, 1-7
Tommy vs Karl Boyes, 2-7

Noreg vs Storbritannia, 1-5 - ferdig

WTC Vegar Kristiansen 1.JPG
Vegar Kristiansen (Stoppball Nidaros Biljardklubb) slo Daryl Peach 8-6 i 9-ball.

01. februar kl. 18.00, taparside
Britane vart for sterke i går, men ny sjangse mot Peru i dag. Peru tapte sin første kamp mot Serbia 0-4.

8-ball double:
1. kamp: Vegar og Malvin vs Peru, 6-1 - ferdig
2. kamp: Mats og Tommy vs Peru, 6-0 - ferdig

9-ball: startar kl. 19.30
Malvin vs Christopher Tevez Ocampo, 8-6
Vegar vs Jhon Lopez Roman, 8-3

10-ball: startar kl. 21.00
Mats vs Jorge Llnaos Bustillos, blir ikkje spelt
Tommy vs Juan Vega Enriquez, blir ikkje spelt

Noreg vs Peru, 4-0 - ferdig

WTC Mats Schjetne.JPG
Mats Schjetne (Trondheim Biljardklubb) er den yngste på laget, og er førsteårs senior.

03. februar kl. 13.00, taparside
Noreg leikte seg eitt steg nærmare sluttspelet i VM då dei slo Peru 4-0. Tysdag er kviledag. Neste motstandar er Aruba.

8-ball double:
1. kamp: Vegar og Malvin vs Aruba, 5-6 - ferdig
2. kamp: Mats og Tommy vs Aruba, 3-6 - ferdig

9-ball: startar kl. 14.30
Malvin vs Richard Wolff, 8-3 - ferdig
Vegar vs Aaron Franken, 8-2 - ferdig

10-ball: startar kl. 16.00
Mats vs Roland Acosta, 7-2 - ferdig
Tommy vs Ryan Rampersaud, 7-6 - ferdig

Noreg vs Aruba, 4-2 - ferdig

03. februar kl. 18.00, taparside - kvalifisering til sluttspelet med siste 16
Etter at  Noreg låg under 0-2 mot Aruba etter 8-ball double, parkerte dei motstandarane ein etter ein og vann til slutt 4-2. Neste og siste motstandar før sluttspelet (siste 16) er Marokko.

8-ball double:
1. kamp: Vegar og Malvin vs Marokko, 6-3 - ferdig
2. kamp: Mats og Tommy vs Marokko, 6-1 - ferdig

9-ball: startar kl. 19.30
Malvin vs Ameur Abdel Ati Riad, 7-8, - ferdig
Vegar vs Yousri Kabbaj, 8-1 - ferdig

10-ball: startar kl. 21.00
Mats vs Amine Ouahbi, 7-3 - ferdig
Tommy vs Sami Arji, 0-1 - blei ikkje ferdigspelt

Noreg vs Marokko, 4-1 - ferdig
Noreg er klar for sluttspelet, siste 16.


Sluttspel - enkeltcup med siste 16

Noreg leia 2-0 over Marokko etter 8-ball double og det var klart for singelkampar. Malvin og Vegar var først ute og skulle spele 9-ball, der Vegar gjorde kort prosess på sin motstandar og vann 8-1. Noreg leia no 3-0, først til 4. Malvin på si side sleit litt meir med motstandaren sin, og kanskje litt med nervane. På eitt tidspunkt hadde Malvin ei grei leiing (6-4) og hadde berre to parti igjen før sigeren var sikra, men marokkanaren ville det ansleis. Han gjekk opp i leiinga 7-6 før Malvin klarte å ta sitt neste parti. Hill-hill der marokkanaren trakk det lengste strået. Stillinga var no Noreg 3 - 1 Marokko.

Samstundes som Malvin svetta i sin kamp vart kampen til Mats sett i gang. Han skulle spele 10-ball saman med Tommy. Mats gjekk raskt opp til 3-0 leiing og var ikkje på noko tidspunkt truga av marokkanaren. Han kunne faktisk ha avgjort kampen før Malvin, men gav frå seg nok parti til at han beholdt spenninga ei stund til. Mats vann til slutt 7-3 og sikra dermed Noreg sin siger over Marokko og avansement til sluttspelet.

Noreg kan no bli dårlegast nr 9 i det fyrste VM'et som blir arrangert for lag og har kome lengre i turneringa enn både Nederland og Austerrike som hadde stjerner som Niels Feijen og Nick van den Berg, begge Nederland, og Mario He, Martin Kempter og søskena Jasmin og Albin Oushan frå Austerrike.

WTC 2010 Norge 2.JPG

04. februar kl. 18, 8-delsfinale
Noreg og dei sju andre som kvalifiserte seg frå taparsida og inn i enkeltcupen blei trekt inn mot dei som hadde kome seg til enkeltcupen frå vinnarsida. Noreg trakk Filippinene, og møter eitt av dei antatt beste laga i turneringa. Men, kampen er ikkje tapt før den er ferdigspelt!8-ball double:
1. kamp: Mats og Tommy vs Alcano og Manalo, 5-6 - ferdig
2. kamp: Vegar og Malvin vs Kiamco og Orcollo, 3-6 - ferdig

9-ball: startar kl. 19.30
Vegar vs Ronnie Alcano, 2-8 - ferdig
Malvin vs Antonio Lining, 8-7 - ferdig

10-ball: startar kl. 21.00
Mats vs Lee Van Corteza, 7-4 - ferdig
Tommy vs Dennis Orcollo, 1-7 - ferdig

Noreg vs Filippinene, 2-4 - ferdig