NM for damer i 8-ball vart arrangert 22.-24. januar i Oslo, Biljardfabrikken.

Det deltok 16 damer og dermed var kravet for å få dele ut HKH Kongepokal oppfylt.

Finalen vart, ikkje overraskande, spelt mellom Line Kjørsvik og Ine Helvik, Svithun Biljardklubb. Kjørsvik vann finalen 7-2.

I tillegg til å vinne dameklassen tok Kjørsvik ein flott 3. plass i open klasse.

Norges Biljardforbund gratulerer!