Sluttspelet med dei siste 32 starta fredag. Ine Helvik, Svithun Biljardklubb er Noreg sin einaste utøvar som deltek i turneringa som blir arrangert i den kinesiske byen Shenyang 16-22. november.

Helvik tok seg til sluttspelet og møtte den tidligare verdsmeistaren Liu Shin-Mei (TPE) i første runde. Sjølv om Helvik ga Shin-Mei motstand vart det tap 5-9. Dermed enda VM-eventyret for jenta frå Stavanger med ein 17. plass.

I alt deltok det 64 utøvarar.