WPA | Kjelde | Forum | Trekning og scooresheet | Referat

 Ine lite bilde.jpg   Ine Helvik, Svithun Biljardklubb er einaste norske deltakar under VM i 9-ball 2009. Turneringa blir arrangert i den kinesiske byen Shenyang 16-22. november.

Helvik var ikkje dirkete kvalifisert og reiste til Nederland for å delta på kvalifiseringsturneringa som blei arrangert tidligare i haust. Det deltok sju damer og fire fekk plass til VM.

Helvik er kvalifisert til hovudturneringa som startar torsdag 19. november. Det deltek 64 utøvarar frå 23 land, deriblant Lin Yuan-Chun (tittelforsvarar), Karen Corr, Kelly Fisher, Jasmin Ouschan, Kim Ga Young, Pan Xiaoting (vinnar i 2007) og Allison Fisher (vinnar av årets Wold Games).

Line Kjørsvik, Stoppball Nidaros Biljardklubb som er den antatt beste noske utøvaren på damesida deltek ikkje. Kjørsvik har like vel gjort ein god sesong og er som kjent i USA og deltek i WPBA sin tour. Denne er no avlsutta og Kjørsvik er sikra ein plass i hovudtouren og slepp dermed tunge kvalifiseringsturneringar før neste års sesong.

Tre dagar etter damene sitt VM er avslutta skal herrane telve i 10-ball. Vegar Kristiansen, Stoppball Nidaros Biljardklubb er Noreg sin representant. Turneringa blir arrangert i World Trade Centre i Manilla 25-30. november.

Kristiansen var direkte kvalifisert gjennom den flotte prestasjonen sin under årets EM, der han fekk ein 5. plass i 9-ball.

 
 d1000.jpg

Tittelforsvarar Darren Appelton er ein av dei 128 som skal tevle om den gjeve tittelen. Andre utøvarar som også skal delta er Ralf Souquet, Mika Immonen, Ronnie Alcano, Lee Van Corteza, Johnny Archer og Dennis Orculo.

40 land vil være representert i denne turneringa.