www.europeanpoolchampionships.com - for siste oppdateringar!
Forum | Reisebrev | Resultatlister | Medaljeoversikt | Til ettertanke

Lørdag 16. august - dag 10
I dag har veteranane fått sine medaljer for den flotte 2. plassen i lagkonkurransen. Bilde av dette ligg på bildegalleriet. Etter at medaljeseremonien for 9-ball er ferdig skal Team Norway ha ei lita samling for å gå igjennom mesterskapet. Deretter er det laga til ein stor grillfest med påfølgande dans til dei seine nattetimar. Shuttlebussen går frå hotellet kl. 07:00. Troppen landar i Oslo ca kl. 14:35, søndag.

På avslutningsbanketten fekk Team Norway overlevert ein kopi av gullmedaljen frå EM i 1998, då damene vann gull for lag, til Arve Larsen. Talen og bildene finn du her.

Det vart også delt ut FairPlay pris i alle divisjonar. Line Kjørsvik vann sjølvsagt i divisjonen for damer.

9-ball er ferdigspelt og Noreg fekk følgande plasseringar:
Damer
05. plass - Line Kjørsvik
09. plass - Ine Helvik
25. plass - Martine Christiansen

Herrar
033. plass - Vegar Kristiansen
033. plass - Ronny Oldervik
129. plass - Tommy Wolff

Gut
05. plass - Steffen Wolff
17. plass - Svein Marius Falck Fiveltun

Junior
17. plass - Mats B. Schjetne
33. plass - Martin Rottem Dahle

Veteran
09. plass - Christian Johannessen
17. plass - Arve Karlsen
33. plass - Jan Morten Arnesen
33. plass - Bjørn Strandhus
49. plass - Egil Arne Sørensen


Fredag 15. august - dag 9
I dag er det første runde i enkeltcupen for dame- og gutespelarane. Line, Ine og Steffen skal i elden kl. 12. Dei møter:

Line - Diana Stateczny (GER)
Ine - Marika Poikkijoki (FIN)
Steffen - Panagiotis Xypoliteas (GRE)

Veteranane gjorde unna sin første runde i går. Dei to Norske spelarane vi satte vår lit til var Christian og Arve. Dessverre gjekk det ikkje vegen for Arve så vi håpar Christian blir vår redningsmann. Han møter Olaf Koster (GER). Kampen til Christian går også kl. 12.


Torsdag 14. august - dag 8
I dag startar lagkonkurransane for gute-, junior- og veteranspelarane.

På herresida rauk dessverre både Vegar og Ronny i sin siste kvalifiseringskamp om sluttspelet, siste 32 spelarar (9-ball).


Tirsdag, 12. august - dag 6
8- ball er ferdigspelt og Noreg fekk følgande plasseringar:
Damer
02. plass - Line Kjørsvik
25. plass - Martine Christiansen
33. plass - Ine Helvik

Herrar
033. plass - Ronny Oldervik
065. plass - Vegar Kristiansen
129. plass - Tommy Wolff

Gut
05. plass - Kristoffer Mindrebøe
17. plass - Steffen Wolff

Junior
03. plass - Mats Schjetne
33. plass - Michael Gundersen

Veteran
09. plass - Johnny O. Ellingsen
09. plass - Rolf Jensen
17. plass - Christian Johannessen
25. plass - Jan Morten Arnesen
49. plass - Egil Arne Sørensen

Rullestol
17. plass - Kenneth Bendiksen


Lørdag 09. august - dag 3
14.1 er ferdigspelt og Noreg fekk følgande plasseringar:
Damer
02. plass - Line Kjørsvik
25. plass - Ine Helvik
33. plass - Martine Christiansen

Herrar
03. plass - Vegar Kristiansen
49. plass - Mats Schjetne
49. plass - Ronny Oldervik

Gut
05. plass - Kristoffer Mindrebøe
17. plass - Svein Marius Falch Fiveltun

Junior
17. plass - Martin Rottem Dahle
17. plass - Michael Gundersen

Veteran
05. plass - Christian Johannessen
09. plass - Rolf Jensen
09. plass - Arve Karlsen
33. plass - Johnny O. Ellingsen
49. plass - Bjørn Strandhus


Fredag 08. august - dag 2
Katrine og Rolf vil komme attende med referat frå dei siste dagane. I mellomtida kan du sjå blider frå ankomstdagen og dag 1 ved å klikke her.


Torsdag 07. august - dag 1
Dagen starta med felles frukost kl. 07:00. Ikkje alle hadde klart å komme seg ut av senga, men kom etterkvart. Greit utvalg.

Spelehallane åpna kl. 08:30 for oppvarming til dei som skulle spele kampar kl. 09:00.

Alle har no komt i gang med 14.1 og dei fleste ringrevane på Team Norway har innfridd og vunne sine kampar. Kjekt var det at førstereisgut Martin Rottem Dahle vann sin første kamp, 100-73 Eleytherios Karamolegkos (GRE). Michael Gundersen tapte 62-100 mot Jani Kela (FIN). Martin møter Piotr Kudlik (POL) og Michael møter Mate Hazay (HUN).

Line Kjørsvik og Ine Helvik vann begge sine kampar. Line vann 75-69 Amalia Matas(ESP) og Ine vann 75-51 Marketa Mlejnkova (CZH). Martine Christiansen tapte sin kamp 51-75 Simone Meinhold (GER). Line møter Janine Schwan (GER) og Ine møter Charlotte Sørensen (DEN). Martine møter Tina Vogelmann (GER).

Dessverre tapte både Kristoffer Mindrebøe og Svein Marius Falch Fiveltun. Kristoffer tapte 73-75 Ivo Aarts (NED) og Svein Marius tapte 18-75 Konrad Piekarski (POL).  Kristoffer møter Jelle Kijlstra (NED) og Svein Marius sin motstandard er endå ikkje klar.

Av veteranane var det Rolf Jensen og Arve Karlsen som innfridde. Rolf vann 100-71 Marijn Woomings (NED) og Arve vann 100-64 Herman Furnaletto (ITA). Rolf møter Hansruedi Hauser (SUI) og Arve møter Dragan Scepanovic (Montenegro). Christian Johannessen tapte 80-100 Harald Schroter (GER) og Bjørn Strandhus tapte 51-100 Gianni Campagnolo (ITA). Christian får W.O. og skal ikkje spele før kl. 21 i kveld medan Bjørn møter Jos Wirtz (Luxembourg).

Av herrane er det foreløpig berre Vegar Kristiansen som har vunne sin første kamp. Vegar møtte Ivica Putnik og vann 125-87. Vegar sin høgaste serie var 76*. Denne kom tidlig etter at han først pådrog seg to feil. Vegar spelar kl. 15:00 og møter Noam Cohen (Israel). Mats Schjetne tapte sin første herrekamp 48-125 Fabio Kenis (Belgia) og møter Alexander Leitmae (EST) kl. 17:00.
*76 eller 79.

No er det på tide å komme seg tilbake til spelehallane for rapportskriving. Kan ikkje love fortløpande oppdatering sidan vi ikkje får ha pc inne i hallane, men vil anbefale alle å gå inn på den offesielle heimesida for siste nytt.


Onsdag 06. august - avreise
Hei!

Her kommer en kjapp hilsen fra Willingen!

Hele troppen er samlet og vi har hatt vaart förste spillermöte etter at aapningsseremoni og trekning er unnagjort.

Vaeret er toppers, noen-og-tyve grader og knallblaa himmel.

Vi satser selvsagt paa fortlöpende oppdateringer fra oppholdet, saa her gjelder det aa henge med. For de fleset er det frokost kl. 07.00 i morgen, med spillestart kl. 09.00. Frokost er obligatorisk for alle - og felles oppmötetidspunkter. De som starter senere kamper mötes kl. 08.45 til frokost.

Ellers var middagen fortreffelig ikveld - faktisk svaert god!!!

Etter en laaaang dag er de fleste naa paa vei til rommene for loppekassa. :o)

Mvh,
Rolf