Med 1250 poeng etter EuroTouren som vart arrangert i Oslo 15.-16. oktober 2005, ledar Line Kjørsvik fortsatt rankingen til EPBF. Kjørsvik har delteke på alle dei fem turneringane for damene og har to 1. plassar ein 2. plass, ein 3. plass og ein 9. plass.

Tiziana Cacciamani(ITA) ligg 1000 poeng bak og har ein liten margin ned til Charlotte Sørensen(DAN) på 3. plass som totalt har 1110 poeng. Bernadette De Jonge(NED) er rangert som nummer fire. Ho fekk ein 5. plass i turneringa i Oslo og klatra dermed fire plassar opp på rankingen.

Ine J. Helvik beheld 5. plassen på rankinglista, og er dermed den siste spelaren som er direkte kvalifisert til VM.

Går ein lenger ned på lista, ser vi at Iselin Herland har klatra to plassar opp og ligg på ein 16. plass og Katrine Grotle ligg på ein 24. plass. Herland har delteke på alle fem turneringar medan Grotle har delteke på tre turneringar.

Eva Linn Fossheim dett frå ein 47. plass til ein 52. plass, Vivi Sæthren ligg på ein 58. plass og Katrine Toftevåg på ein 74. plass. Alle tre har delteke på ei turnering og det er 101 personar på lista.

EPBF rankinliste