Semifinale I kl. 11:00
Line Kjørsvik(NOR) mot Kynthia Orfanidis(NED)
Resultat 7 - 0

Kampen har starta og kort oppsumert leiar Kjørsvik 4-0 over nederlendaren. Distanse er satt til 7. Nederlendaren er på bordet og prøvar å putte 3'aren i hjørnet men den vil ikkje gå. Kjørsvik får muligheten og gjer ingen feil. Det er fem kuler igjen på bordet. Ingen problem for Kjørsvik som plukkar dei på rekke og rad.

Kjørsvik leiar 5-0.

Orfanidis brekk og det går ball. Kvitkula ligg midt på bordet og 1'aren nede ved eine kortvant. Ho spelar carambole med 1'aren og 2'aren og 2'aren går i hjørnet medan 1'aren går opp på andre sida av bordet. Null kontroll på kula! Ho må gå forvant for å treffe og etterlet seg ein puttbar 1'ar til Kjørsvik. Kjørsvik går rundt bordet for å kartlegge kulene og vegen ho skal gå for å ta endå eit parti. 1'aren går i hjørnet men Kjørsvik er uheldig og kvitklua klapsar borti 5'aren. Spelar seg sjølv nesten safe, men ho er iskald og puttar 3'aren i motsatt hjørne av 1'aren. Kvitkula har retning rett mot midtholet men den treff spissvant og går ut.

Kjørsvik hentar seg flott inn igjen og puttar dei siste kulene.

Kjørsvik leiar 6-0.

Det går kuler på brekket til jenta frå trøndelag. Ho prøvar å kutte 1'aren i hjørnet men den blir for upresis. Orfanidis kjem på bordet og puttar 1'aren som ligg og badar i holet. Ho har lite kontroll på kvitkula som klinkar borti kuler på veg opp på andre sida av bordet til 2'aren. Ho vel å spele safe mot Kjørsvik som så vidt ser den. Ho prøver å legge motsafe men kvitkula trillar litt for godt. I staden for har nederlendaren mulighet for å kille 9'aren i hjørnet sidan 2'aren ligg framføre.

Orfanidis missbrukar sjansen og legg igjen ein fullt puttbar 2'ar til Kjørsvik som takkar og bukker. Det er fire kuler igjen på bordet.

Kjørsvik puttar dei siste kulene som ingenting og er klar for finalen!

Kjørsvik vann 7-0.

Semifinale II kl. 12:30
Charlotte Sørensen(DAN) mot Tiziana Cacciamani(ITA)

Cacciamani opnar ballet mot Sørensen. Distansen er sett til 7. Det går ball på brekket men ho bommar grovt når ho skal putte 1'aren i hjørnet. Sørensen skal køyre tog med 1'aren slik at 4'aren går i hjørnet og den går. Desverre går også 1'aren og ho får eit vanskeleg støt mot 2'aren. Ho legg safe, i alle fall ein halvgod ein. Cacciamani kjem seg ut av den og snur partiet til sin fordel. Det er no fire kuler igjen på bordet som ho enkelt skal kunne senke.

Neeeei, ho har gummiarm og legg 9'aren igjen i holet til Sørensen.

Sørensen leiar 1-0.

Dansken brekk men må gje spelet over til Cacciamani. Ho slamrar 5'aren og Sørensen kan spele seg ut og ta partisigeren. Sørensen har ikkje marginane på si side og får eit vanskeleg legg på 8'aren. Ho feilar og Cacciamani puttar dei to siste kulene og reduserer.

Stillinga er 1-1.

Italienaren vel å pushe etter eit brekk der det gjekk ein ball og kvitkula og 1'aren ligg i kvar sin ende av bordet. Kunne sjå ut til at 1'aren låg delvis mørk bak 2'aren. Sørensen tar utfordringa og puttar 1'aren. Ho gjer kort prosess på partiet og brukar 2'aren til å putte 9'aren.

Sørensen leiar 2-1.

Sørensen brekk men får ikkje ballar på brekket. Cacciamani vel å spele safe mot dansken som tar fram hoppkøen. Ho treff og legg igjen ein lang ball til italienaren. Cacciamani får mulighet til å spele safe tilbake. Kviktkula og 1'aren ligg i kvar sin ende av bordet med kuler mellom slik at Sørensen må gå forvant for å treffe. Ho treff og legg igjen eit langt støt til italienaren.

Cacciamani vel å trekke kvitkula tilbake til andre enden av bordet for å få legg på 2'aren etter å ha putta 1'aren i hjørnet. Ho gjer eit tappert forsøk på å doble kula i midtholet men uten hell. Sørensen kjem inn på bordet og har mulighet til å putte kula i hjørneholet på motsatt side av bordet for kvitkula. Det går og ho får eit godt legg til 3'aren og vidare til 4'aren.

Dansken har tre kuler igjen. Ho puttar elegant 7'aren klokkereint i hjørneholet og får perfekt legg til 8'aren. Den må og finne vegen i holet slik som 9'aren.

Sørensen leiar 3-1.

Cacciamani brekk og får kule på brekket. Ho legg safe til Sørensen som svarar med ein motsafe. Italienaren må gå forvant og ho treff. Sørensen får ein lys 1'ar men dårlig med alternativ til å putte. Ho prøver å kutte den tynt slik at det blir safe mot Cacciamani. Desverre finn kvitkula strake vegen ned i holet og italienaren får kule i neve. Ho puttar kuler og det er tre lette igjen. OJ! Kvitkula går akkurat litt for kort i det ho skal spele seg opp i kortvant og ned igjen på bordet for å putte 8'aren i hjørneholet. Ho får gummiarm gjen og må jobbe hardt for å putte dei to siste kulene. Rutinert som ho er tar ho ein kunstnarisk pause og finn fram litt pudder til køen.

Sørensen leiar 3-2.

Dansken har ikkje kulene med seg på si side i brekka og må sleppe til Cacciamani. Ho spelar safe mot Sørensen som igjen må finne fram hoppkøen. Ho treff men 1'aren ligg rett i midtholet. Italienaren puttar den og dei tre neste kulene. Med to kuler igjen får ho nervar, gummiarm eller tenker for mykje på neste støt. Ho legg 8'are igjen i hjørneholet og Sørensen puttar lett dei to siste.

Sørensen leiar 4-2.

Cacciamani brekk men må gje kule i neve til Sørensen som no har fem kuler igjen å senke. Det skal gå greit. Jada, rett frå boka.

Sørensen leiar 5-2.

Endelig går det kuler på brekket for Sørensen. Ho prøver å safe men utan hell. I staden for blir det ein enkel ball for italienaren.

Det er fem kuler igjen på bordet og Cacciamani må gje Sørensen kule i neve. Ho prøvde å snike 5'aren forbi 6'aren til hjørneholet men den einaste kula som gjekk var kvitkula. Sørensen skal kunne spele seg ut. Jada.

Sørensen leiar 6-2.

Italienaren brekk og det går kuler. Imidlertid er ikkje legget til 1'aren noko å skrive heim om. Ho tenker, og vel å pushe. Ein push ho må ta sjølv. Sørensen har lys kule og prøver å spele safe mot Cacciamani. Desverre blir den lys og ho kan senke kula i hjørnet frå midten av bordet. Legg til 2'aren. Frå ein vanskeleg 6'ar og 7'ar får ho perfekt legg på 8'aren. Både den og 9'aren går og ho reduserer.

Sørensen leiar 6-3.

Det er nok ikkje dansken sin dag for brekk. Ho får forløp og italienaren kule i neve. Kulene ligg slik til at det er fullt mulig å spele seg ut. Ho startar perfekt men rotar det litt til for seg sjølv når det er tre kuler igjen på bordet. Cacciamani har vore ute ein vinterdag før og løyser arbeidsoppgåvene sine greit og hentar seg inn igjen. Ho reduserer og skal brekke.

Sørensen leiar 6-4.

Cacciamani får ikkje ball på brekket og Sørensen får muligheten. Ho er for forsiktig og kula legg seg i holet. Italienaren senkar den men får ikkje til 3'aren. Kanskje like greit sidan kvitkula la seg bak 5'aren, og ho hadde spelt seg sjølv safe. Sørensen må gå forvant, treff og får kvitkula på andre sida av bordet for 3'aren som ligg pre i kortvant. Cacciamani treff og dansken er tilbake på bordet. Ho puttar 3'aren i hjørnet og 4'aren går i samme holet. Fem kuler igjen på bordet.

Dansken skal til finalen, men blir nok for ivrig når det gjenstår to kuler. Cacciamani spelar tynt på 8'aren og den går i midtholet. Ho må fram med reka for å putte 9'aren i hjørneholet og reduserer.

Sørensen leiar 6-5.

Sørensen brekk og får ballar på brekket. Ho legg att ein safe til Cacciamani. Kulene ligg i kvar sin ende av bodet, diagonalt. Italienaren treff, er heldig og 1'aren er så vidt lys mellom to kuler. Sørensen prøvar seg på ein safe, men kulene rullar litt for lite. Ho får ein god safe i retur og må gå forvant.

Dansken treff men desverre går det ikkje kule i vant etterpå. Cacciamani får kule i neve og kan spele seg ut og gå opp til 6-6. Det gjenstår fem kuler. Ho kjempar 4'aren ned i eine hjørneholet frå ein ikkje så ideell posisjon. Det resulterer i at ho må gå forvant for å treffe 5'aren som ligg mørk. Sørensen ser den mellom 8'aren og 9'aren og kan putte den i hjørnet. Dansken tenker nok for mykje på neste legg og legg att kula i holet. Cacciamani får ein ny sjanse og reduserer.

Stillinga er 6-6.

Cacciamani brekk og det går kule. Ho må fram med reka for å senke 1'aren. Gummiarmen er fortsatt tilstades og ho spelar seg elegant safe til 2'aren og må gå forvant. Ho treff og er heldig for kula blir mørk. Sørensen må gå forvant. Ho treff men treff slik at kvitkula trillar rett i hjøneholet. Italienaren får kule i neve og bør spele seg ut.

Sørensen får mulighet etter at Cacciamani, igjen, rotar det til for seg sjølv. Fem kuler igjen på bordet.

Sørensen vinn 7-6.

Finale kl. 14:00
Line Kjørsvik mot Charlotte Sørensen

Før denne turneringa har Sørensen ein siger frå EuroTour for damer. Den kom på heimebane i København. I den samme turneringa kom Kjørsvik på ein 9. plass. Kjørsvik leiar rankinga med 990 poeng, 50 meir enn Tiziana Cacciamani(ITA), ikkje medrekna turneringa i Oslo. Sørensen har 795 poeng. Dei har aldri før møttes i ein finale i touren.

Sørensen startar og får ballar på brekket. Desverre ikkje noko ideelt legg og ho spelar push. Kjørsvik tar støtet og startar med to puttar. Ho kjempar 4'aren ned i midtholet men spelar seg sjølv safe og går forvant for å treffe. Ho sender 5'aren opp til andre enden av bordet. Dansken puttar både den og resten av kulene og tar det første partiet.

Sørensen leiar 1-0.

Kjørsvik brekk men får forløp. Sørensen med kule i neve. Sørensen spelar seg ut.

Sørensen leiar 2-0.

Dansken brekk og får ball. Ho skal spele 1'aren forsiktig i hjørnet. Den blir for forsiktig og Kjørsvik kjem inn på bordet. Det er seks kuler igjen og ho går rundt bordet for å legge ein slagplan. Kjørsvik sender dei to første kulene i holet. Desverre blir det krøllball og ho prøvar å doble 6'aren for å få den til å gå. Det går ikkje og Sørensen slepp til. Ho spelar seg ut.

Sørensen leiar 3-0.

Kjørsvik brekk og det går ball på brekket. Ho får ikkje noko ideelt legg og vel å spele push. Dansken svarar med å spele safe. Kulene ligg no i kvar sin ende av bordet.

Kjørsvik må i forvant for treffe og det går bra, men får endå ein safe mot seg. Ho bommar og Sørensen får kule i neve. Klarer ho å spele seg ut? Nei! Ho bommar og slepp Kjørsvik inn på bordet. Desverre ikkje så mykje å spele på og det går nokre rundar fram og tilbake. Litt safe og litt bom. Til slutt er det Kjørsvik som trekk det lengste strået og puttar omsider 3'aren. Kjørsvik spelar seg ikkje ut, men legg att ein veldig god safe.

Sørensen svarar med, om mogleg, ein endå bedre safe. 5'aren og 7'aren nesten pre på eine sida av bordet og kvitkula på andre. Kjørsvik har liten moglegheit for å gå ein vant for å treffe for det ligg kuler i vegen. Ho prøvar seg på to vant men misser. Dansken får kule i neve.

Noko skjedde medan grautmålsskrivaren sat med nasen i tastaturet. Dansken tabbar seg ut og Kjørsvik får mulighet og benyttar seg av den fullt ut. Ho legg den ultimate safen. Dansken bommar og Kjørsvik får kule i neve. Desverre rullar kvitkula litt for raskt og den går i midtholet etter at Kjørsvik må sende den rundt bordet for å få legg på 7'aren.

Sørensen spelar seg ut frå kule i neve.

Sørensen leiar 4-0.

Det går kule på brekket til Sørensen men ho må fram med hoppkøen. Ho får forløp og Kjørsvik kule i neve. Ho puttar kule etter kule. Det er tre kuler igjen og ho skal kutte 6'aren i hjørneholet. Den blir for tynn og ho legg igjen eit håplaust legg for å senke kula. Desverre er det eit godt utgangspunkt for å legge ein safe. Kulene ligg i kvar sin ende av bordet når Kjørsvik slepp til.

Kjørsvik prøvar å doble kula men den går ikkje. Heldigvis har den så stor fart at den går over bordet og i det andre hjørneholet. Ok legg til 7'aren og spelar seg fint over til 8'aren på motsatt side av bordet. Kvitkula legg seg i god possisjon for å senke 9'aren i hjørnet.

Kjørsvik reduserer til 4-2.

Går surr i tellinga for grautmålsskrivaren, men no er stillinga på kampen riktig.

Sørensen skal brekke. Kjørsvik slepp til og senkarkuler. Desverre treff ho 5'aren som ho må spele seg opp til på motsatt side. Ho går for ein safe. Sørensen kan doble tilbake til hjørneholet og samstundes få legg på 5'aren. Kula manglar ca fem centimeter før den går og Kjørsvik kan putte den.

Kula vil ikkje i holet og den blir liggande i holet og bade. Sørensen puttar den og får legg på 6'aren og puttar den. Kvitkula trillar, og den trillar så kort eller så langt at den legg seg nesten pre med både vant og 8'aren. Sørensen må fram med reka. Ho gjer eit korrekt støt men puttar ikkje kula. Kjørsvik får mulighet til å legge safe mot dansken og legg kulene i kvar sin ende av bordet. Sørensen må også over 9'aren for å komme til kvitkula.

Sørensen treff, og det blir eit korrekt støt, men på veg attende treff kulene kvarandre og Kjørsvik legg endå ein safe mot dansken. 8'aren legg seg pre med kortvant med 9'aren på eine sida, også pre mot vant. Sørensen spelar carambole og puttar 9'aren.

Sørensen leiar 5-2.

Kjørsvik brekk men får ikkje ball. Sørensen slamrar 1'aren i hjørnet. Kjørsvik set god fart på kula for å trekke den tilbake for å få legg på 2'aren. Litt vel langt men det går. Kule nummer to må også finne vegen ned i holet. 3'aren er heller lite samarbeidsvillig og slamrar. Dansken kjem på bordet, puttar 3'aren i hjørnet og får legg til neste kule.

Sørensen bankar den i motsatt hjørne, puttar 5'aren mjukt og roleg og får legg på 6'aren som ho også puttar. Sørensen brukar ikkje mange minutta på å spele seg ut.

Sørensen leiar 6-2.

Kulene er lite samarbeidsvillige og Kjørsvik kjem på bordet. Ho gjer eit forsøk på å putte 4'aren med 1'aren, men det er til slutt 1'aren som dett. Langt støt til 2'aren som ho puttar klokkereint og spelar den kvite rundt bordet og opp igjen slik at ho får legg på 3'aren som går i same holet.

5'aren kuttar ho i midtholet men spelar seg sjølv safe når ho må spele kvitkula opp på bordet for å få legg på 6'aren. Ho treff korrekt men får forløp. Sørensen får kule i neve når det er fire kuler igjen på bordet. Sørensen spelar seg ut.

Sørensen vinn 7-2.