Distanse 13

Niels Feijen opnar ballet mot Timo Mäkäle som slepp til på bordet med tre kuler att.

Feijen brekk og får forløp. Mäkäle får ball i hand men blir litt ivrig og slamrar 6'aren. Tre kuler att.

Å feile mot nederlendaren straffar seg og Feijen leiar no 2-0.

Feijen brekk. Det går ball på brekket, men han slamrar 1'aren i hjørnet. Mäkäle får mørk ball og må gå forvant. Han misser med få millimeter og Feijen får kule i neve.

Mäkäle har ikkje tenkt å gje i frå seg partiet til Feijen og kjem inn igjen på bordet. Mäkäle reduserer til 1-2.

Mäkäle brekk men får forløp og Feijen har mulighet til å spele seg ut på eit ope bord.

Kort prosess og Feijen leiar no 3-1. Feijen brekk og det går kuler på brekket. Bordet er ope.

Feijen må smyge 3'aren forbi 5'aren. Det går akkurat men den slamrar. Desverre for finnen blir det mørk ball og han må gå forvant. Han klarar det han ikkje klarte i sta, nemleg å putte kula. Kvitkula held seg akkurat på bordet og neste kule blir senka. 5'aren skulle by på meir problem og slamrar i hjørneholet når det er fire kuler att på bordet.

Mäkäle kjem inn att på bordet etter at Feijen prøver å vise musklar ved å gjere eit forsøk på å doble 7'aren i hjørneholet(for showet sin del sa han), men bommar. Finnen puttar kula men legget til 8'aren blir for dårleg og kula går ikkje.

Feijen prøvar å kutte 8'aren i hjørnet men den har ikkje lyst. Mäkäle puttar den og 9'aren. Stillinga er 2-3, Feijen, i det finnen brekk, får ball på brekket og har ein ugrei 2'ar å spele på. Finnen vel å spele safe. Kulene i kvar sin ende av bordet. Feijen treff og prøver å legge motsafe. Det held på å gje Mäkäle kule i neve. Kvitkula stoppar rett før den går i holet.

Mäkäle må gå fleire gongar forvant sidan 2'aren er mørk. Det går flott, men ingen ball går. Feijen takkar og bukkar og han spelar seg ut.

Feijen leiar 4-2.

Feijen brekk og det går ball. Bordet er ope og han har starta med å plukke kuler.

Mäkäle får muligheten etter at nederlendaren bommar 4'aren i holet. Han måtte heve køen sidan kvitkula låg nærme vantet. Finnen takkar for tilliten og reduserer.

Feijen leiar 4-3.

Mäkäle brekk og det går kule. Finnen puttar kuler og det er fire kuler att. Det er to kuler att som ligg ved kortvant. Mäkäle puttar ein litt ugrei 8'ar og får godt legg på 9'aren som han puttar.

Stillinga er 4-4.

Feijen går til kjærasten for å få kos og trøst...

Det går ball på brekket og Mäkäle får bli på bordet. Han spelar push, men Feijen lar finnen ta støtet sjølv. Mäkäle legg safe som ikkje blir godkjent sidan kuler ikkje gjekk i vant. Feijen får kule i hand og spelar seg ut.

Feijen leiar 5-4.

Feijen brekk og får kuler på brekket. Det er seks kuler att. Feijen prøver å doble 2'aren i hjørnet men misser. Håpet frå Finnland kjem på bordet, men misser. Får safe mot seg og legg att ein safe. Feijen svarar med safe. Mäkäle prøvar å safe men støtet blir for hardt og Feijen kan putte kula. Her luktar det utspel.

Feijen gjer ingen feil og går opp til 6-4.

Feijen brekk. Det går tre kuler på brekket. Feijen viser musklar og doblar 1'aren i hjørnet. Dit går også 2'aren. To kuler att. Lett som ein leik.

Feijen leiar 7-4.

Det går ballar på brekket til Feijen men kvitkula og 1'aren legg seg so og seie pre. Dårlig moglegheit for putt så han spelar safe mot Mäkäle. Finnen prøver å smyge kvitkula forbi 4'aren, men kjem borti. Feijen får kule i neve. Det er sju kuler att.

Feijen feilar ikkje og går opp til 8-4.

Mäkäle får safe mot seg. Finnen prøver å spele 2'aren pre med 4'aren, sidan sjansenfor å treffe 1'aren er minimal,men misslykkast. Feijen får kule i neve, takkar for det og spelar seg ut.

Feijen leiar 9-4.

Nederlendaren brekk og er fortsatt på bordet og plukkar kuler. Han er no fem kuler frå partisiger. Sender den rosa 4'aren opp langs vant og lagar det litt vanskeleg for seg sjølv. Kven har vel ikkje opplevd å legge kvitkula på "rekke og rad" med objektball" midt på bordet?

Feijen har senka mange slike ballar, og rutinert som han er senkar han også denne. Han spelar seg ut.

Feijen leiar 10-4.

Feijen brekk. Han prøver å sende 1'aren opp langs bordet til hjørneholet, men utan hell. Finnen kjem på bordet og legg att ein senkbar ball for Feijen som doblar den i hjørnet. Legget på 2'aren er vel heller dårleg. Feijen må prøve å doble den i hjørnet samstundes som han må sikre seg at Mäkäle ikkje får ein alt for lett ball dersom han bommar. Feijen bommar og Mäkäle prøver å legge safe tilbake. Feijen svarar med å putte 2'aren.

Feijen prøver å løyse 5'aren og 6'aren frå kvarandre men endar med å måtte gå i forvant. Mäkäle svarar med safe. Feijen treff ballen og legg kvitkula og 5'aren i kvar sin ende av bordet.

Mäkäle prøver på safe tilbake men kula blir akkurat lys bak 8'aren. Feijen puttar kuler og går opp til 11-4 over finnen.

Feijen brekk og er fortsatt på bordet. Det er fire kuler att. Feijen slamrar 9'aren og finnen får muligheten. Kulene ligg i kvar sin ende av bordet men Mäkäle blir ikkje skremt av det. Han doblar den kaldt og rolig rett i holet! Feijen tuslar til kjærasten for å få trøst...

Mäkäle reduserer og stillinga er 5-11.

Mäkäle brekk og det går ball. Mäkäle legg safe og Feijen må fram med hoppkøen. Han senkar ballen og 9'aren er innom holet og snusar. Bordet er ope og han kan spele seg ut.

Feijen går opp til 12-5.

Feijen brekk. Etter litt fram og attende får Mäkäle kule i neve. Kan han spele seg ut? Han blir nødt til å legge seg over bordet og kula slamrar i holet. Feijen kjem på bordet, puttar ei kule før Mäkäle innser at han har møtt sin overmann og gir sigeren til nederlendaren når det er tre kuler att på bordet.

Feijen vann 13-5.

Til Mäkäle sitt forsvar så var det ikkje mykje han kunne gjere dei gongane han kom på bordet.