Team Norden er ungdommen sitt foum og gjekk i år parallelt med Nordisk Idrettskonferanse som er dei vaksne sitt forum. Føremålet med eit slikt forum er at det skal vere ein møteplass for unge talentfulle leiarar i alderen 18-30 år der nettverksdanning, utvikling og utdanning av unge leiarar i samarbeid med etablerte leiarar skal stå i hovudfokus.

I motsetnad til Nordisk Idrettskonferanse som blir arrangert kvart år, blir Team Norden arrangert annakvart år. Dette synest deltakarane på årets Team Norden burde endrast på og fremja forslag om at det vart endra til kvart år, og parallelt med dei vaksne sitt forum. Det vart og fremja forlsag om at dei som deltok i år burde ha førsteretten på å reise på neste års møte som skal vere i Bornholm, Danmark.

Noreg hadde 11 representantar og dette var ungdom frå Norges Idrettsforbund - ein representant, NIF/NUK - to representantar, Norges Basketballforbund - to representantar, Norges Biljardforbund - ein representant, Norges Bordtennisforbund - ein representant, Norges Gym- og Turnforbund - ein representant, Norges Luftsportforbund - ein representant, Norges Seilforbund - ein representant og Norges Skiforbund - ein representant.Norges Biljardforbund var representert ved Katrine Grotle(Fjordane BK).

Fredag starta med opning og fellesmøte der Karl-Arne Johannessen, presidenten i Norges Idrettsforbund, ønskte alle velkommen. Etter vel ein time gjekk Team Norden til eigne lokale der dei skulle fortsette si samling. Tema for årets samling var "Kunsten å bli hørt - taleteknikk". Deltakarane skulle lære å sette opp ein disposisjon for å få fram eit bodskap og lære å kontrollere stressa situasjonar som "tale på sparket"-situasjonar. Kurset vart gjennomført med ein kombinasjon av teori og praksis(gruppearbeid) og varte frå fredag til lørdag. Kurset er vanleg vis tiltenkt tre(fire) dagar.