Etter eit langt overtalelsesbrev til rektoren ved skulen der dei to går, fekk dei igjennom forslaget om å ha biljard som valfag. For ordens skyld; fritidsklubben ligg rett i nærheten av skulen.

Ein av dei er Sebastian Mæhlum. Han har spelt biljard sidan februar/mars 2004 og vart lisensiert spelar september 2005. Han spelar for Christiania BK og skal spele si første NC-turnering kommande helg.

Den største oppturen hans så langt i biljard, var å knuse Pinglå 7-3 i Mester'n. Favorittspelaren hans er Robert Farinetti, og den høgaste serien hans i snooker er 31. Det sosiale, konsentrasjonen og det å spele turneringar er noko av det han likar best ved biljard, men han har endå ikkje funne favorittdisiplinen sin endå.