På kalendaren bør helga 15.-16. oktober merkast av og alle som kan bør ta turen innom Elbow Room og EuroTouren for damer.

Touren skulle eigentleg ha gått i København, men er flytta til Oslo i staden. Det vart også jobba i kulissene med å få herretouren til Oslo også, utan hell.

Før denne turneringa leiar Line Kjørsvik med 50 poeng ned til Tiziana Cacciamani(Italia). Rangert som nummer tre finn vi Charlotte Sørensen(Danmark). Ine J. Helvik ligg på ein 5. plass og har klatra seks plassar opp på rankingen. Iselin Herland er rangert som nummer 18, og Katrine Grotle ligg på ein 31. plass med to startar mindre. Eva Linn Fossheim har delteke på ei turnering der ho fekk ein 17. plass, og ho er rangert som nummer 46.

Møt opp og støtt dei norske jentene!