[Line Kjørsvik (t.v) og Ine J. Helvik]

Line Kjørsvik fekk ein 3. plass under helgas EuroTour-turnering i Sidelfingen, Tyskland og leiar fortstatt rankingen (990 poeng). Hakk i hel følgjer Tiziana Cacciamani (Italia) berre 50 poeng bak. Til samanlikning har Kjørsvik to 1. plassar, ein 3. plass og ein 9. plass, medan Cicciamani har to 2. plassar og to 3. plassar.

Med ein 3. plass i helga kunne Ine J. Helvik klatre frå ein 11. plass til ein 5. plass på rangkingen til EPBF, 370 poeng bak Kjørsvik. I tillegg til 3. plassen har Helvik ein 5. plass, ein 9. plass og ein 33. plass frå tidlegare EuroTour-turneringar.

Ikkje fullt så bra gjekk det for Iselin Herland i denne turneringa. Det enda med ein siger, to tap og ein 33. plass. Herland gjekk ned frå ein 17. plass til ein 18 plass på EPBF si rankingliste. Frå tidlegare turneringar har ho ein 9. plass, 25 plass og ein 49. plass. Herland ligg 600 poeng bak Kjørsvik.

Vidare ned på rankinglista finn ein Katrine Grotle som gjekk ned frå ein 25. plass til ein 31. plass. Ho har delteke på to turneringar og har ein 17. plass og ein 49. plass. Grotle ligg 800 poeng bak Kjørsvik.

Comeback jenta Eva Linn Fossheim fekk ein 17. plass i si første EuroTour-turnering. Ho ligg dermed 860 poeng bak Kjørsvik på ein 46. plass på rankinglista.