Etter å ha lege under 2-6 mot Jasmin Ouschan frå Austerrike i semifinalen, kjempa Line Kjørsvik seg tilbake til ein 7-6 siger. Ine J. Helvik rapporterer at dette var årets råaste kamp.

I finalen møtte Kjørsvik Wendy Jans frå Belgia. Jans hadde frå før ein 3. plass som beste plassering. Kjørvik vann finalen med sluttsiffera 7-4 og kunne dermed sanke 315 nye poeng til rankinga, som ho forøvrig leiar med 100 poeng(780 poeng) ned til Tiziana Cacciamani frå Italia. Cacciamani har ein 2. plass og to 3. plassar.

I den tredje Eurotour turneringa arrangert for damer var det 33 deltkakarar. Noreg stillte med tre deltakarar; Line Kjørsvik, Ine J. Helvik og Iselin Herland. Både Helvik og Herland fekk 9. plass.

Med den sterke opphentinga i semifinalen og sigeren i turneringa, må Line Kjørsvik vere i kanon form og farleg for dei som skal møte ho under EM som startar 20. april. Noreg stiller med følgande damer: Line Kjørsvik, Ine J. Helvik, Iselin Herland og Eva Linn Fossheim.

EPBF ranking for damer