NC 3 og NC 4 vart i helga arrangert i Bergen på Kong Oscar. Sidan det var 38 påmelde til NC 4, og berre 32 fekk plass i hovudturneringa måtte det spelast kvalifisering. Disiplin var 9-ball og Iselin Herland hadde walk over i første match.

I første match var det vinnaren av Svein E. Solheim og Roger Jacobsen som skulle møte Herland. Jacobsen trakk det lengste strået og vann komfortabelt 9-2. Men Jacobsen vart for svak for Herland som vann 9-8 og var klar for hovudturneirnga.

Robert Grønlie spelar for Trondheim BK og var rangert som #7 før turneringa, var første motstandar for Herland. Herland måtte sjå seg slått ut av turneringa med sluttsiffera 7-9.