Første EuroTour for damer må karakteriserast som ein suksess! 68 påmeldte til ei turnering dei ikkje visste om dei fekk fyllt opp med 32. Det må vere bra. Alle dei store profilane frå Europa deltok: Tysklands Sandra Ortner, Marin Mayet, Sylvia Buschüter og Fransiska Stark, Sveriges Ulrikka Anderson og Louse Furberg, Danmarks Charlotte Sørensen, Sveits' Christine Naeff og Eliane Kurzen, Italias Tiziana Cacciamani, Nederlands Bernadette de Jonge og Estelle Bijnen, Østerikes Jasmin Ouschan og ikkje minst Noregs Line Kjørsvik, Iselin Herland, Ine Helvik og Katrine Grotle. Dette måtte bli bra med høgt nivå, lista med navn inneheld fleire europamestre.

Den fødte 1'er
Line fekk belønning for strevet og som alle nok har fått med seg så stakk ho av med seieren. Etter å ha hatt ein enkel kamp mot landskvinna Katrine, venta Tsjekkiske Dana Knedlhansova. Line vann 7-5 og var klar for neste motstandar, Hella Kasper frå Tyskland. Denne kampen vann Line komfortabelt 7-2. I 1/8-delsfinalen var det Belgiske Wendy Jans som fekk smake på den "Norske vikings herjing" og ho måtte sjå seg slått ut av turneringa med siffera 7-4. Med fem Nordiske spelarar igjen i kvartfinalen såg det nesten ut som at dei eigde turneringa. Nok ein tyskar prøvde seg mot Line men til ingen nytte. Stakkars Sandra Ortner måtte sjå seg slått ut av turneringa med siffera 7-2. Semifinalen vann Line 7-5 over Svenske Louise Furberg.

Finalen vart spelt søndag ettermiddag med skuffande få tilskuarar, men Line hadde i alle fall sin supportergjeng. Den Italienske spelaren Tiziana Cacciamani som tidligare hadde gitt Ine trøbbel var motstandar. Line vil så snart ho blir frisk igjen, skrive referat av kamen slik ho opplevde den, og til dei orda kjem på plass kan det berre seiast at ho gjorde i alle fall sitt for å halde spenninga oppe heilt til siste parti....

Flott 5. plass
Ine starta turneringa si kl. 12.00, laurdag, mot Michaela Mus frå Tyskland. I denne kampen var det ingen store ting som skjedde og Ine vann til slutt komfortabelt 7-4. Neste runde gjekk 13.30 og Ine skulle møte ein spanjol med navn Silvia Lopez Fibla. Det var ikkje før i denne kampen at Ine vakna til live og slapp ikkje spanjolen til før ho leda 5-0. "..det var dette med ikke å ta seieren på forskudd da..". Ine tok seg sammen og vant til slutt 7-2 over spanjolen.

Neste utfordrar var Louise Furberg frå Sverige, og dette vart litt av ein thriller av ein kamp. Louise er mange gangar europamester og har holdt på lenger enn Line og Ine tilsaman. Ho gjekk opp i ein 2-5 ledelse, men Ine veit det gjeld å ikkje gje opp. Ine spelte seg opp til 5-5, knota seg fram til 6-5 for så å ende på 6-6 etter eit parti der ingen ville løyse problema. Siste avgjerande parti vart ei vanskeleg affære. Ine bestemte seg for å ikkje ta nokre sjansar, men det samme gjorde Louise. Det vart mykje safe og vanskelege situasjonar. Til slutt fekk Louise til ein skikkelig safe og Ine måtte jumpe og prøve å senke 7'aren. Den gjekk nesten og det vart ein lang vanskelig ball tilbake, nok ein safe. Til slutt fekk Ine ein lys 7'ar og gjekk for ein litt trang putt med vinkel og bomma. Ine trudde då kampen var over ettersom 7'aren la seg rimelig greit på bordet. Louse er jo kjemperutinert. Men ho bomma og Ine fekk åpent bord. "..armen føltes mer som en vaskefille enn noe annet, men kulene rant nedi. Utrolig god følelse! Jeg var klar for enkelcupen uten tap..".

Søndag starta for Ine med fleire gangar europamester Lensing frå Tyskland. Armen satt slik den skulle og Ine vant 7-1. Italienarane derimot skulle vise seg å ikkje vere så greie å ha med og gjere. Cacciamani er så ballsikker at sjølv den mest rutinerte spelar får problem. Ingen kutt er for vanskelig og ein safe må vere 100% for at ho ikkje skal enten senke eller spele ein fin safe tilbake. Ho er ei av dei beste spelarane vi har, noko ho også viste mot Ouschan i semifinalen og Line i finalen. "..det er ikke annet å gjøre enn å reise hjem og trene mer..".

"..alt i alt har det vært en utrolig kjekk tur med mange nye opplevelser. Jeg er mer overbevist enn noen gang om at internasjonal matching er veien å gå for å bli bedre. Jeg gleder meg vilt til København, det kommer til å bli en kjempetur! Er allerede påmeldt..". Ine Helvik.

To tap og ute av turneringa
Både Iselin og Katrine måtte nøye seg med to kampar kvar i den første EuroTour-turneringa som vart arrangert for damer. I første kamp spelte Iselin mot tyske Molduree Kasemchaiyanan og den enda 4-7. Neste motstandar var Klara Lensing frå Storbritania og den enda som forrige kamp 4-7. Begge motstandarane til Iselin fekk 9. plass i turneringa. For Katrine var det langt å reise for og møte landskvinna Line Kjørsvik. Dette vart ein enkel kamp for Line som gjorde kort prosess og vann 7-0. Danielle Rogers gjorde som si landskvinne og slo Katrine 7-2. Dette var ein kamp der Katrine skulle ha teke fleire parti og som også muligens med litt flaks kunne ha vunne kampen. "..var ikkje så mykje bedre enn meg, men spelar ein ikkje bedre fortjener ein heller ikkje siger..".

Resultat damer
Resultatliste damer