Kva må klubben gjere for å få tildelt pengar?

  1. Finn eit tiltak klubben har lyst til å gjennomføre. Det kan være jentekveld ein gong i veka, jentekurs, jenteturneringar, oppsøkjande arbeid som arrangement av jentekurs i fritidsklubbar eller skular, skulering av styremedlemmar gjennom f.eks. NIF kurs, eller reint informasjonsarbeid i lokalmiljøet. Kort sagt kan det være nesten kva som helst berre det er for jenter.
  2. Send ein søknad til oss. Den må inneholde ein kort beskrivelse av prosjektet, mål og eit lite budsjett. Kontaktperson og kva for klubb det gjeld må også stå. Søknadane sender de til jenter@biljardforbundet.no. Søknadsfristen er 20. september!
  3. Rapporter til oss i etterkant. Når tiltaket er fullført ynskjer vi oss ein liten rapport. For oss skal dette være ein læreprosess slik at all informasjon vi kan samle frå dykk og erfaringar vi kan ta med oss videre er positivt. Skulle prosjektet vise seg å være ein fiasko er dette også noko vi kan lære av. Rapportskjema sender dykk saman med tildelingspapira. Vi ynskjer også kontaktinformasjon til dei jentene som har delteke.

ALLE tiltak vil bli vurdert og tildelt midlar så sant det er seriøst.