28. mai 2004 vart det spelt elite-kvalifisering i Bærum for 04/05 sesongen. Blant dei 24 påmeldte var også Line Kjørsivk. Ho enda på ein 20. plass etter endt 03/04 sesong og måtte dermed bli blant dei ti beste i kvalifiseringa for å få spele i Eliten neste sesong.

Kjørsvik hadde walk over i første match og skulle møte vinnaren av Gaute Andersson(Bryne BK) vs. Jan Helge Kordts(Os BK). Kordts vann 9-8. Kjørsivk lot seg ikkje skremme av Kordts og slo han 9-8.

Sigbjørn Ørjansen(BK-99 Stavanger) slo Gard Hasselstrøm(Oslo BK) 9-4 og var neste motstandar for Kjørsvik. Sluttresultatet i den matchen vart 9-5 til Kjørsvik som no var klar som Elitespelar i 04/05 sesongen.

       Ine J. Helvik var den andre dame-spelaren som spelte i Eliten 03/04 sesongen. Ho enda på ein 26. plass og fekk også anledning til å spele kvalifisering. Helvik prioriterer spel i B-Sør for neste sesong, men lovar å komme sterkt tilbake.