Målet med Jenteprosjektet 2003 var:

  • å ha minst 15 deltakarar på kvart av våre tre dame NM
  • å auke antal startar frå 119 i sesongen 02/03 i sesongen 03/04 og
  • å ha ei eller anna form for jenteprosjekt i minst 10 klubbar.

Så langt er det berre 9-ball NM som har klart å samle så mange deltakarar, og på dei to andre(8-ball og 14-1) var det berre ni deltakarar. Positivt er det at det har kome til nye spelarar som forhåpentlegvis ikkje lar seg skremme vekk frå idretten av "alt for god" og "har no ikkje sjanse til å vinne uansett" mentalitet.

Antal startar fram til no er 117 som er to under fjorårets, og forhåpentlegvis vil vi i år klare å nå målet med fleire startar enn i fjor. Alle startane er fordelte på 25 spelarar fordelt i dei ulike divisjonane.

Styringsgruppa for Jenteprosjektet 2003 saknar tilbakemeldingar frå dei klubbane som har delteke og minner de på at eventuelle økonomiske refujsonar må dokumenterast. Krav(billag, fakturaer o.l.) kan sendast til:

Ine J. Helvik
Storgata 15
4010  STAVANGER

Dersom det er klubbar som endå ikkje har gjennomført eller fullført sine tiltak bør dette skje snarast, sidan prosjketet no nærmar seg slutten.